Du er her:
  • Nyheter
  • OLAV THUNE OG KNUT S. KVANNLI

    10.mars - 26.mars, har vi utstilling med billedkunstnar Olav Thune og skulptør Knut S.Kvannli.

    Opning fredag 10.mars kl 18.00

    Opningstider: tors/fred kl 16-19, laurdag kl 11-15, sundag kl 15-18

    Gratis inngang.

    VELKOMEN !

    OLAV THUNE - MÅLERI
     
         
     
     

    Olav Thune f.1941 kjem frå Hafslo i Sogn. Han har utdanning ved Oslo teikne og måleskule og Kunstakademiet i Dresden i Tyskland. Han har arbeid med måleri sidan 1980.
    Olav Thune har galleriplass hjå Galleri Kampen i Oslo og hjå Galleri Møller, Warnemunde i Tyskland. Han har hatt separatutstillingar i Bergen og Trondheim og vore med på ulike kollektivutstillingar.
     
     
    Bileta hans tek utgangspunkt i figurmaleriet. Bileta hans peikar på ein gjensidig avhengighet mellom mennesket og naturen. Bileta hans kan vera tematiske med poetiske innslag, der han søkjer å skildre menneskelege relasjonar eller signal rundt mennesket sitt sinn. Fargehaldninga kan variere, nokre gonger er den dempa, andre gonger har bileta sterke ekspresjonerte fargeklangar.
     
    I avisomtaler kan vi lesa : Han arbeider med dei store spørsmåla som kvart einskild menneske må ta stilling til. Ein tenkjande kunstnar som målar med hjarte.
     
    KNUT S. KVANNLI - SKULPTURAR
     
             
     
    Knut S Kvannli kjem frå Melhus i Trøndelag. Han har arbeid i jern som han sveisar saman. Dette byrja som ein tilfeldigheit midt på nittitalet.
    Knut Kvannli hadde laga nokre skulpturar som reint tidsfordriv. Då desse vart synt fram offentleg, fekk han i oppdrag og lage ein serie i anledning jubileum og festival. Dette var rundt stål som var kappa, bøygd og hekta i hop til passe storleik og positur.
    Han fann etterkvart ut at han kunne lage litt meir "kropp" på skulpturane, og sidan har det vore læring, prøving og feiling for å få til ynskja resultat. Dette er ein type arbeid som krev mykje konsentrasjon.
     
                     
     
     

    Aktiviteter

    Levert av WebSite AS